top of page

Helland Elektro

Helland Elektro er ei av Nordhordlands største bedrifter innan planlegging, konstruksjon og montering av elektroinstallasjonar. Me utgjer til saman eit knippe positive fagfolk som alle jobbar med tradisjon og kunnskap som viktige verktøy for vår felles ideologi: Optimale løysingar på kunden sine premissar.

IMG_41413.jpg

Meir om Helland Elektro

 

Helland Elektro vart grunnlagt på Eikanger i 1960 av Sverre Helland. Det heile byrja svært enkelt med ein liten verkstad, men selskapet ekspanderte fort og i 1972 etablerte me også ei avdeling på Lindås i ei lita brakke i forbindelse med Mongstadutbygginga. Fem år seinare, i 1977 flytta me inn i Lindås Senter i eige bygg grunna ein høg arbeidsmengde i området. I 1991 tok sonen Trond over etter Sverre som dagleg leiar og to år etter, i 1993, vart avdeling Eikanger flytta inn til Ostereidet Senter. Sidan den gong har firmaet hatt ein jamn og stabil vekst. Dette gjeld blant anna antall tilsette, arbeidsmengde og fagleg kompetanse. På Lindås hadde me også tidlegare butikkutsal av kvitevarer og brunevarer, men dette vart etter kvart trappa ned og i dag er Helland Elektro ei rein installasjonsbedrift med lagerutsal av installasjonsmateriell. I 2018 flytta avdelingane på Lindås og Ostereidet inn i eige bygg på Eikanger og er dermed samla under eitt tak der det heile starta for nesten 60 år sidan.

I dag består Helland Elektro av ein teknisk administrasjon, elektromontørar samt lærlingar. Me er totalt 42 tilsette med 32 firmabilar som gjer oss mobile og fleksible i ein digital verden. Oppdragsmengden vår er primært basert i Nordhordland, men me har også til tider oppdrag i store delar av landet. Kompetansen vår er fordelt innan bustader, industri, næringsbygg, oppdrettsanlegg og modulbygg der me leverer tenester til både gamle og nye kundar. Med nesten 60 års erfaring har me utvikla oss i takt med teknologien og er i dag kjend som ein elektroinstallatør med moderne styring og framtidsretta virke. Helland Elektro er også ei godkjend lærebedrift og har i snitt 4 lærlingar inne.

Heilt sidan me starta å levere tenester i 1960 har me alltid hatt eit høgt fokus på å utføre moderne elektroinstallasjon på ein trygg, effektiv og forskriftsmessig måte gjennom ei tid der både arbeidsmetodar og utstyr har forandra seg mykje. Med så rask utvikling som me har i dagens samfunn er det derfor viktigare enn nokon gong å tilpasse seg marknaden ein jobbar i og me gjer derfor vårt beste for å alltid vere oppdatert på dagens løysingar. På denne måten sikrar me at du som kunde sitt att med det beste resultatet. Me ser derfor på oss sjølve som ei allsidig bedrift då me leverer både tradisjonelle elektrikertenester samt er med på nye prosjekt der me møter nye utfordringar med åpne armar.

IMG_4073_2.jpg
dji1530712302227.jpg
bottom of page